Dette er ein advarsel nybegynnere og andre som måtte kjenne seg igjen..
Hugs å måle temperaturen på motoren din undervegs!
Eg gjorde aldri dette på min Savage - fram til no.
Dette, kombinert med "uerfaren" tuning av motoren førte nok til eit par alvorlige overopphetinger av motoren.. Etter kvart som eg hadde bilen, vart den verre og verre å starte. Til slutt var det eit heilt prosjekt. Dette er nok ein konsekvens av at den har vore alt for "lean" og dermed vore ALT for varm.
Det heile gjekk for seg i den tidlege delen av min "RC-karriere" og eg hadde lite erfaring. Etter kvar som eg har lært meir den siste tida, ser eg tilbake og lærer av mine feil.
Så eg tok opp heile motoren for å prøve å betre det heile litt.

Eg visste at stempelet var heilt kolsvart og tenkte at det umogleg kunne være bra. Men det var ikkje bare bare å få demontert den etter at den hadde vore så varm.. Ut i fra slik eg forstod det på videoar og forskjellig på nettet, så skulle det være ein enkel sak å få ut sylinderen i motoren, men tvert om. Her måtte det mykje tenking og kraft til. Prøvde å dytte den ut frå undersida (slik eg såg at det var vanlig å gjøre det. Etter over ein time med forsiktig banking og lirking var den berre kome 1-2mm lenger ut. Då byrja tolmodet å renne ut, så krafta vart stadig hardare og ripene og hakkene stadig fleire.. Etter utalige forskjellige metodar og minst like mongen forsøk, så fekk eg den til slutt ut ved hjelp av ein reversibel tang full av el-tape.
Sylinderen var endelig ute, men hadde fått ein del sår og skadar. Den bar tydelig preg av å ha vore SÆRS varm. Utsida hadde klare svimerker, noko eg reknar med den ikkje skal ha..?

Elles rundt i veivhuset var det eit par andre svimerker og mørkt belegg.
Når eg no prøvde å få stempelet til å gli opp og ned i sylinderen, var det heilt umogleg.. Det var så mongen stygge riper og sår i den. Då var det fram med gode game 3M-paden for å pusse. Her vart det minst ein time med arbeid. Det endte med at eg tok ein 13mm bor på drillen og la paden rudt og ga bånn gass i fleire epokar. Det resulterte i ein SÆRS blank og fin sylinder. No var og såra og hakka såpass neslipt at stempelet gjekk fint opp og ned.

Etter å ha pussa, stempel, veivhus, veivaksel og sylinder, så vaska eg alt i fuel og satte saman heile stasen igjen og no startar den på første omdreining lett som bare det!

Så lærdommen her er: husk temperaturen!

og en liten E-Revo til å kose seg med
Comment